Dei fire partia byggjer samarbeidet på tillit og gjensidig respekt for partia sine program og eigenart. Partia kjem til å leggja fram felles budsjett heile perioden og vil leggja vekt på gode og inkluderande prosessar der innbyggjarane vert tekne med på råd. Omsynet til klima, miljø og folkehelse skal visa att i all kommunal verksemd og planlegging.
Ap, Sp, MDG og KrF har utarbeida ein politisk plattform som viser retning for korleis kommunen skal utviklast vidare. Partia fokuserer på dei lange linjene og ser lenger fram enn denne fireårsperioden.
Heile plattforma kan du laste ned her:
Bjørnafjordenplattformen
