Bjørnafjorden topp tre 2019
Fotocredit:

Kommuneval 2019

Miljøpartiet Dei Grøne går i 2019 til val på seks viktige kjernesaker i Bjørnafjorden kommune.

 

Heile programmet kan du lasta ned som PDF: MDG Valprogram 2019

Dersom du lurer på noko kan du ta kontakt direkte med vår ordførarkandidat Nils-Anders Nøttseter på epost nils-anders@nottseter.no eller telefon 413 08 411.

Eit grønare samfunn

Miljøpartiet Dei Grøne Bjørnafjorden vil ha ein kommune som tek vare på landbruk og grøne område, og som vidareutviklar lokalsamfunnet og det lokale næringslivet. Vi vil ha klimasmarte bygder der det er godt å bu, med høg livskvalitet og livsglede, tryggleik, gode møteplassar for alle uansett alder og fleire lokale arbeidsplassar. Vi ønsker ein kommune med ansvarleg økonomi, gode tenester og realistiske, praktiske, reine og effektive løysingar på transport og utvikling.

Dei Grøne vil løfta Bjørnafjorden vidare som ein god og berekraftig kommune, og vil ta vare på dei særskilde kvalitetane vi har i Os og Fusa. Det inkluderer historisk og moderne kulturrikdom, frodig natur og lokal verdiskaping. Kommunen har ei klår rolle å spela i arbeidet med å unngå dramatiske klimaendringar og i arbeidet med å oppfylla FNs berekraftsmål. Utviklinga av framtida skjer i kommunen, der folk bur.

Kjernesaker for Miljøpartiet Dei Grøne Bjørnafjorden 2019 – 2023

Ungdommens hus

Dei Grøne meiner det er viktig å få på plass eit ungdommens hus i kommunen der ungdom på eigne premiss kan samlast og ha påverknad på innhald i tilbodet, anten det er musikk, gaming, kafé, lekser eller anna. Det er viktig å sikra høg kvalitet på lokala, og det er på overtid at ungdommane får eit tilbod.

Meir buss, meir ferje

Ei av dei viktigaste utfordringane i nye Bjørnafjorden er å knytta dei ulike delane av kommunen betre saman. Vi meiner det skjer raskast og best ved å sikra betre tilbod innan buss og ferje. Vi treng fleire avgangar og lengre åpningstid, og det er viktig å prøva ut nye konsept som buss on-demand.

Bilfritt sentrum

Etter massive oppgraderingar på Osøyro er det på tide å prioritera fotgjengarane. Vi vil derfor innføra gågate for å legga betre til rette for handel og folkeliv i sentrum.

Kvalitetsdemokrati

Dei Grøne har stått i spissen for å åpna lokaldemokratiet og få avgjersler ut av lukka rom. Vi vil satsa sterkt vidare på meir demokrati og rettvise prosessar. Til dømes meiner vi at ordføraren sin møtekalender skal vera heilt open på internett.

Gode kvardagsliv

Det er svært viktig for oss å satsa vidare på godt kvardagsliv for alle innbyggarane i Bjørnafjorden. Urørt natur med nærleik både til fjord og fjell, eit ope og aktivt kulturlandskap og levande bygdesentre er unike kvalitetar som fremmar folkehelsa. Det skal vera trivsel både for dei som kan koma seg høgt til fjells og for dei som held seg i nærmiljøet. For at alle skal få gode opplevingar i naturen, vil vi ta vare på dei grøne lungene og arbeida for eit godt og skånsamt sti- og turvegnett med god tilkomst, parkering og andre fasilitetar.

Nei til firefelts motorveg og bru over Bjørnafjorden

Vi er ein sikker garantist mot bru over Bjørnafjorden og den resterande raseringa av Kuventræ og andre folkerike område som nye E39 medfører. Så mykje midlar til samferdsle bør heller nyttast på eksisterande vegar. Dei Grøne er imot prosjektet lokalt, regionalt og nasjonalt.