Lobbyregister

Miljøpartiet Dei Grøne er svært opptatt av velfungerande demokrati.

Ein av pilarane for å lukkast med det er åpne prosessar både i forkant av og undervegs i den politiske sakshandsaminga. MDG vil vera åpne om kven våre folkevalde møter og kva tema som blir diskutert.

Frå og med 2022 vil MDG Bjørnafjorden prøve ut eit frivillig lobbyregister i lokaldemokratiet.

Registeret skal informera om våre møte med organiserte og profesjonelle aktørar. Innbyggjarar som tar kontakt med oss med spørsmål, varsel o.l., fører vi ikkje opp her.

Eit slikt lobbyregister er noko vi har praktisert i stortingsgruppa i fleire år: https://www.mdg.no/lobbyregister

Dato Organisasjon Tema Deltakarar (MDG)
28.03.2022 Bybo/Vestbo/ABO Utbygging og bevaring av golfbanen NAN, THS, MH, TBB
12.09.2022 Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd ved Kyrkjeverje Programarbeid og samarbeid med kommunen NAN, THS2, KIB
04.10.2022 Bjørnafjorden Næringsråd ved dagleg leiar Programarbeid og næringsutvikling NAN, THS2, KIB, GF, SB

NAN: Nils-Anders Nøttseter
TBB: Tina Bøe Buer
THS: Torgeir Hansen Skjælaaen
MH: Marie Hauge
THS2: Trine Hofsvik Strønen
KIB: Knut I. Børgesen
GF: Geir Fossåskaret
SB: Silke Becker