Frå prinsipprogrammet
EIT GRØNARE OS
Os står framfor endringar som kan redefinera vår identitet, kultur og natur. Det skal gjennomførast ei storstilt kommunereform, det ligg føre planar om ein enorm motorveg som vil kryssa bygda på langs, og ikkje minst snakkast det om ei teknologisk utfordrande kjempebru som er foreslått å kryssa Bjørnafjorden. Desse endringane kan få ukjende påverknadar på menneske, miljø og natur. Valkampen vil bli prega av spørsmål rundt desse potensielle endringane, og det vil også truleg bli naudsynt å definera tydeleg for oss sjølve som osingar korleis vi vil at det skal vera å bu i Os i framtida.
Miljøpartiet Dei Grøne i Os set samspelet mellom menneske, natur og biologisk mangfald i sentrum for politikken. Vi vil ha ei bygd som bevarer landbruk og grøne område, som tek vare på og utviklar lokalsamfunnet og det lokale næringslivet. Vi vil ha ei klimasmart bygd der det er godt å bu, med livskvalitet, tryggleik, møteplassar og arbeidsplassar. Vi ønskjer ikkje eit Os dominert av ei enorm trafikkmaskin, men ei bygd med realistiske, praktiske, reine og effektive løysingar på transport og utvikling. Os må ikkje leggja opp til å vera ein forstad eller gjennomgangsåre for storbyen Bergen medan vi øydelegg og byggjer ned natur og biologisk mangfald.
Miljøpartiet Dei Grøne i Os vil løfta bygda vår vidare som ein god og berekraftig kommune, og vil ta vare på dei særskilde kvalitetane vi har i Os. Det inkluderer kulturrikdom og frodig natur, og lokal verdiskaping.
LAST NED ARBEIDSPROGRAM 2015-2019
LAST NED KORTPROGRAM 2015-2019